15 km sør frå Voss sentrum finn du ei koseleg, nyoppussa fritidsleilighet omringa av fantastisk turterreng. Dette er den perfekte staden for dei natur- og friluftsinteresserte både sommar og vinter.

Her innbyr naturen til flotte turar i fjellandskap langs veg eller sti og det er flotte forhold for småviltjakt og fiske. Om vinteren er det naturlege skiløyper etter skuterspor rett utafor  huset.

For å koma til Voss ski og turterreng som har flotte preparerte langrennspor tek det ca 15 min med bil og ca ein halv time til Voss Resort sine alpine løyper.

 Velkommen til fjells!

Advertisements